No nærmer da seg
02.01.2007
-1 °C
Hei, hei alle gode vener og ukjende!
No nærme da seg styggjelig avreise, me glede oss(Silje) og grue oss(Gjertrud). Me er som ein splitta personlegheit. No undrar me oss på kva me skal ta med, det er ikkje mykje ein får med seg i ein 80 liters sekk, når det er begrensa til 20 kg. Silje er allereie nesten ferdigpakka, medan Gjertrud ikkje er byrja. Men uansett ser me fram til detta, og me gler oss til å reisa. Me kjem snart tilbake med nye og spanande oppdateringar frå livet på loffen.
Posted by Gee and S 6:29 AM







