Cairns
07.05.2007
28 °C
Hei hei!!
No har me endelig komt oss opp til Cairns som har vert maalet vaart heilt siden Sydney!! Me har stoppa paa litt forsjellige plassar og hatt det fint!!
Me blei verande i Airlie Beach i ei lite veka. Mens Ines reiste paa segletur, kosa eg og Silje oss med lagunen. Det gaar ikkje an og bada i sjoen der pga farlige gellyfish, magneter. Me jobba paa brunfargen ettersom me ikkje var altfor brune etter all jobbinge vaar. Siste kvleden vaar i Airlie Beach kasta Silje seg ut i ein jellywrestling konkuranse!! Jepp, ho slaass mot andre jenter i gele!!! Crazy girl, men premien var 500$ og me er ikkje akkurat millionaerar.
Dessverre vandt ho ikkje, men eg og Ines fekk oss ein god latter.
Dagen etterpaa reiste me vidare. Neste stopp var Townsville. Me budde der berre ei natt for planen var og reisa til Magnetic Island som ligg utenfor Townsville. Me var paa Magnetic i to dagar. Laag for det meste paa stranda, men fekk og tid til litt bushwalking og saag eit par fine solnedgangar.
Turen gjekk vidare til Mission Beach. Her budde me paa eit ganske bra hostell med verdens berst puter!! Som backpackar maa du godta litt av kvart. Har budd paa rom som luktar tiss og mugg og eg veit ikkje ka. Slappa av og hadde to fine dagar der og.
So kom me altsaa til Cairns, me budde her ei natt for me reiste til Cape Tribulation. Det ligg lenst nord i Australia og det var her Captain Cook ein gong kom seglande inn. Detta veit de vell alt om viss de har laert historielekso dekans!!
Cape Tribulation bestaar for det mesta av regnskog. Her gjorde me litt av kvart. Var paa krokkodillesafari, bada i jungelelver og vandra gjennom regnskogen. Saag masse skumle edderkoppar og sommarfuglar!!
No er me tilbake i Cairns, veit ikkje heilt ka me skal finna paa siden me ikkje har raad til noko. Men kan alltids finna noko gratis stuff.
mange klemmar fraa gjertrud og silje
Posted by Gee and S 7:37 PM Comments (1)

